Camilla Hole trio: Halvemål

Camilla Hole og trioen hennar kom med folk/jazz-plata si «Halvemål» 12. oktober.

Musikarane har tidlegare spelt saman i fleire ulike konstellasjonar, og har no gått saman om ein felles draum om å lage ei folkemusikkplate.

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida – den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.

Høykvalitets lydfiler finnes på BandCamp!

Halvemål er eit merkelig fenomen som fins i enkelte dialekter. Det går kort og greit ut på at ein endrar på språket ved å ta vekk H-ane i enkelte ord, og putte dei inn igjen i byrjinga av andre ord. Resultatet vert då eit eige Halvemål, eller Alvemål om ein vil. Camilla Hole Trio stokkar litt om på folkemusikken, og puttar den inn igjen i eit leikent og improvisatorisk univers og skaper dermed sitt eige musikalske Halvemål.

 


  1. Bruremarsj etter Kroka-Lars
  2. Fløyteslott (Bruremarsj etter Samuline Kvila)
  3. Rompedrage
  4. Halling etter Gabriel Reed
  5. Skoddestrime
  6. Ein kann ikkje alltid spinna silke
  7. Julefortelling frå Breim
  8. Springar etter Samuline Seljeset
  9. Vårjele
  10. Kilden


Camilla Hole Trio

Camilla Hole - Saxofonist frå Breim, Fredrik Luhr Dietrichson - kontrabass, frå Haugesund Knut Kvifte Nesheim - trommer/vibrafon frå Oslo. Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida - den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.--

Fysisk distribusjon: Musikkoperatørene