Camilla Hole Trio på Eventyrferd

Camilla Hole Trio er endeleg tilbake med sitt andre album! I prosjektet “Eventyrferd” har trioen, bestående av Camilla Hole, Egil Kalman og Knut Kvifte Nesheim, blitt utvida med den ettertrakta folkemusikaren og soloartisten Sigrid Moldestad, samt den eksperimentelle jazzgitaristen Torstein Slåen.

Eventyrferd er gamle slåttar og folkemelodiar frå brygda Breim, funne i ulike arkiv og bøker. Kvar slått har fått eit musikalsk eventyr eller bilete som dei formidlar gjennom fantasifulle arrangement og åpenhet for leik og improvisasjon. Kvar enkelt musikar fargar desse bileta og melodiane med sin eigen kreativitet som resulterar i eit prosjekt som ikkje liknar på noko anna en seg sjølv. Musikken vekslar mellom å vere energisk og vill, til å vere drøymande og mystisk – slik som ei ekte eventyrferd skal vere.

«EVENTYRFERD blei til då eg fekk spørsmål om eg ville lage eit bestillingsverk for folkemusikkfestivalen Pederhusveka i Breim. Eg fant tidlig ut at eg ville leite etter lokale musikkskattar, som ikkje er blant dei mest kjente, og bruke dei som eit utgangspunkt for egen kompositorisk leik og kreativitet. Saman med Knut Nesheim og Egil Kalman gjekk vi laus på musikk gravd fram frå folkemusikkarkiv, bygdebøker og slåttesamlingar. Ideane tok eg med meg vidare i skrivinga for bandet som vi kompletterte med Sigrid Moldestad og Torstein Slåen. Tanken var at eg ville lage ei musikalsk gåve som dei med tilknytning til bygda kunne kjenne tilhørighet i, samtidig som at musikken i seg sjølv skulle vere både tidsaktuell, genuin og like aktuell uansett kor i verda den blir spelt» – Camilla Hole. 

Camilla Hole – saxofon og div blåseinstrument
Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon
Egil Kalman – kontrabass og modulær synth
Sigrid Moldestad – feler og vokal

Torstein Slåen – gitar og banjo


  1. Kampen for tilværelsen (gravferdssalme etter Jo Bjørkelo)
  2. Den dagen han vart bortført av UFO (trall etter Jon Fløtre)
  3. Nattergalvise (etter Gamle Rakel Almenningen)
  4. Vimplar og blondegardiner i juli (bruremarsj etter Ingebrigt Myklebust)
  5. Geitekillingane bygger heile verda i duplo (barneminne frå Ola Ryssdal)
  6. Hyllest (bruremarsj etter Per Støyva Anders Reed)
  7. Rødhette, luren og himmelturen (vals etter Zakarias Døsa)
  8. Skikarusell (springar etter Zakarias Døsa)