Undergroove

FriEnsemblets album fra 2012 – Liveopptak med stor energi!

Les hva Roald Helgheim skrev om Undergroove i Dagsavisen 21.4.2012:

«Undergroove» er også opningslåten, som straks fangar lydaren gjennom eit tema som byggjer seg opp lag for lag med blåsarar, bass og trommer, og fyrer opp grooven under den første solisten Børge-Are Halvorsen på tenorsaksofon. Etterpå varslar «Mono Space» om romklang med den muta trompeten til Per Willy Aaserud i hans eigen låt, og det tek for alvor av på albumets eine stykke tradisjonsmusikk «Gløyskma», der hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm frå Honndalen dreg bogen saftig med ein song mange med meg kjenner som «Å bere vatn og bere ved». Mathilde Grooss Viddals bassklarinett er med, Tellef Kvite på laptop og for meg er «Gløyskma» ein tidleg höjdare. Etterpå er det saksofonist Kari Rollands tur som lydmålarkunstnar på «Plutselig». Av dei tolv i bandet er fire kvinner, med Hedvig Mollestad Thomassen på gitar. Her skal musikken ikkje vurderast ut frå kjønn, men som instrumentalistar er kvinnene på full frammarsj, og gitaristen vi kjenner frå eigne band har også vore med Friensemblet frå starten.

Det var då bandet sprang ut av eit storband og fekk namnet Chateau Neuf Friensemble, og Grooss Viddal som mellom anna hadde fortid som landsdelsmusikar i nord og studerte ved Oslo-universitetet, hadde skrive musikk ho ville ha eit band til å spele. «Holding Balance» kom i 2006 og eg ropte varsku om «musikk Gil Evans snur seg etter i grava etter for å høyre betre». «Come Closer» oppfylte alle forventingar tre år etter, og vi kan ikkje yte alle songane på «Undergroove» full rettferd, anna enn å slå fast at det er heilt rått bra, med 11 spor og eit musikalsk prosjekt som kombinerer det komponerte med det frie utan markante skilje, og kvar einaste song står fram med særpreg, kledd i ulike kledebon frå tolv musikarar. Utanom feleslåtten og sluttsongen «Sailing» til Rod Stewart, har Viddal og andre i bandet skrive musikken. Mellom dei Hedvig Mollestad med det forrykande gitarnummeret «Hvit». Med Dag Stiberg (sakson), Gunnar Halle (trompet), Øyvind Brække (trombone) Eivind Henjum (bass) og Ivar Loe Bjørnstad (trommer) er bandet komplett, og «Undergroove» er ikkje til å kome forbi.


  1. Undergroove
  2. Mono Space
  3. Gløymska
  4. Plutselig
  5. Off Spring
  6. Men jeg kaller det belon
  7. Con Alma y Leyla
  8. Kvit
  9. Cracked Lip
  10. Rite
  11. Sailing - People are strange


FriEnsemblet (2012)

Mathilde Grooss Viddal, saxophones, bass clarinet Dag Stiberg, Alto saxophone Kari Rolland, Saxophones Børge-Are Halvorsen, saxophones Gunnar Halle, trumpet Per Willy Aaserud, trumpet Øyvind Brække, trombone Britt Pernille Frøholm, hardanger fiddle Tellef Kvifte, laptop, electronics, keyboard Hedvig Mollestad Thomassen, guitars Eivind Henjum, bass Ivar Loe Bjørnstad, drums

Mathilde Grooss Viddal

En av nordens ledende ensemblekomponister, arrangører og orkesterledere, med fire CD-utgivelser med Friensemblet som har begeistret jazzanmeldere fra flere kontinenter. Holdt konserter i inn og utland med forskjellige band/konstellasjoner, bestillingsverk bla for Henie Onstad Kunstsenter, BIME Internasjonale Marionett Festival, Ingreja de Sao Vicente, Portugal, Vossajazz 40-årsjubileum 2013. Hun har også vært med på en titalls CD utgivelser. Mottok Statens 3 årige Kunstnerstipend i 2006. I frontlinja som fri-improutøver. Leder Friensemblet, spiller i Nunatak, Lucky Loop, Ellayali og Eick/Viddal duo.

Fysisk distribusjon:

MusikkLosen
Tlf: 22 19 82 82
Mail: odd@musikklosen.no