Ny låt frå Camilla Hole Trio ute i dag!

16/06/2023

Camilla Hole Trio er endeleg klare med sitt andre album til høsten! I prosjektet «Eventyrferd» har trioen, som består av Camilla Hole, Egil Kalman og Knut Kvifte Nesheim, blitt utvida med den ettertrakta folkemusikaren og soloartisten Sigrid Moldestad, samt den eksperimentelle jazzgitaristen Torstein Slåen.

«Geitekillingane bygger heile verda i duplo (barneminne frå Ola Ryssdal)» er første smakebit frå det komande albumet og er tilgjengeleg på alle strøymetenester. Låta er basert på eit barneminne som Hole har etter folkemusikkinnsamlar Ola Ryssdal. Melodien på dette barnerimet er (for dei spesielt interesserte) ein slåttetype kalla «gamalt», ein eldre springartype som ein kan finne i enkelte bygder på Vestlandet.